Torvmark er skogareal med minst 30 cm tjukt torvlag men som på overflata ikkje har preg av myr.
Myr som er grøfta og tilplanta vil etterkvart miste preg av myr. Vegetasjonen endrer seg frå å vere prega av mose, starr og bjønnskjegg til å bli dominert av lyng. Til vanleg rekner ein med at arealet ikkje lenger har preg av myr når trea er meir enn 2-3 meter høge, bestandet er slutta og tilveksten tyder på at skogen er produktiv. Med produktiv skog meiner ein årleg tilvekst på over 0,1 kubikkmeter per dekar.